Endeleg kan me koma i lag - velkomen til sommarmøte i Jæren Soroptimistklubb

På Hotell Jæren onsdag 9. mai kl. 19:00 - NB! Merk tiden

Gode Soroptimistar

Det er ei gleda å kunna ønska dykk alle velkomne til sommarmøte i Jæren Soroptimistklubb. Og best av alt; nå har me "lov" til å samlast fysisk.

Onsdag 9. juni kl. 19:00 på Hotell Jæren.
Det blir jillt å koma i lag og drøsa - og det vil vera sosialt samvær som står øverst på saklista.
Det vil bli servert god mat  - ost/spekefat. Og jammen blir det og ein god velkomst i glaset.

Litt underhaldning vil det nok og bli ei råd med. De kan med fordel på førehand varma opp sangstemmen. Med god koronaavstand tek me sikte på å igjen få nytta sangbøkene til soroptimistklubben.

Fast program:
2 minutt ved Ruth Serigstad Sæther
5 minutt ved Kathe- Helen Boge Thu
Loddsalg (koronavenleg)

Dersom du har lyst til å bidra med eitkvart i dette sommarmøtet; så er det bare å gje ei tilbakemelding på det ved å svara på denne e-posten.

NB! Viktig informasjon til alle
Denne gongen må de melda dykk på til møtet. Dette må de gjera innan måndag 7. juni.

Bindande påmelding til:
Ingunn S Salte 992 58 085 / ingunn.salte@lyse.net

"Dette blir jillt"

Med sommarleg soroptimisthelsing frå styret
Sara, Brit-Johanne, Ellen W, Janne og Trude